Sommarfest 2022

Etter to år med pandemi kunne me endeleg invitera til sommarfest.

Barnehage-året 2021-2022 vart "avslutta" med ein kjempeflott ettermiddag saman med barn, foreldre, besteforeldre m.fl. og personal.

Me starta med at alle barnehagebarna laga eit flott kor og song nokre songar før det var tid for "skulestartarane" å vise seg fram med song, regle m.m. Dei fekk òg utdelt ei gåve til minne om tida i barnehagen.

Så var det tid for å røpe kven som hadde vunne alle dei flotte gevistane som har vore utstillt. Personalet har strikka og sydd dokkeklede til "hovudgevisten", dei har kjøpt/laga andre gevinstar og utfordra nokre til sponsing. Me fekk bl.a. gåvekort frå Veras lekeland og store flotte georginer frå Grude gartneri. TUSEN TAKK til dei.

Det kan vere litt stridt å vere på basar og ikkje få med gevinst heim, men diverse andre aktivitetar med påfølgande premie gjorde det litt lettare.

Så var me så heldige at me hadde fått med oss ein av Norges sterkaste menn, STRONGMAN MORTEN. Han fekk fyrst prøve kor mange barn han klarte å bere. Stativet vog 120 kg og med 10 barn på brettet så vart det ein del kilo å lyfte til slutt.....men han klarte det :)

Barna fekk òg prøve seg på ARMBACK med han. Foreldra betalte kr. 25,-  for eit forsøk. Trur at Morten var ganske sliten etter all beringa så han tapte og tapte, gong etter gong. Alle som prøvde seg fekk med seg ein diplom som bevis på at dei hadde vunne over ein STRONGMAN i armback.

Innimellom "slaga" vart det servert pølser, hamburgarar ulike juice og kaffi.

Kvelden gjekk fort i godt lag og godt vèr.

TAKK TIL ALLE FOR EIN KJEKK ETTERMIDDAG OG FOR EIT FINT ÅR SAMAN MED DYKK!

YNSKJER ALLE EIN FIN SOMMAR!

Helsing frå alle oss i barnehagen.