Sommarfuglane

Her på Sommarfuglane har me 20 gode barn frå 4 til 6 år. Nokre har full plass, andre delt. Det er 3 vaksne på avdelinga dagleg, men sidan ikkje alle går 100% stilling, er me 4 vaksne totalt på Sommarfuglane. I tillegg har me òg ein ekstraressurs og ein pedagog frå spes.ped.teamet nokre timar.

I kvardagen legg me stor vekt på leik og sosialt samspel i gruppa, og ynskjer at kvar og ein skal kjenna seg sett og veta at dei er verdifulle. Me ynskjer at dei skal kjenna meistring og me vil gje dei utfordringar og hjelpa dei til å ta eigne val i kvardagen.

Avdelinga sitt mob.nr: 47 46 39 57

Mailadresse: tryggheim.sommarfuglane@pregbarnehager.no

 

Med helsing alle oss på Sommarfuglane